Er du bekymra for eit barn?Du kan melda frå til barnevernet digitalt, som privatperson, offentleg tilsett, eller om du som barn vil melda frå om noko eller nokon som har det vanskeleg. Dersom det hastar 116 111 Alarmtelefon for barn og unge 112 Nødnummer 02800 Politiet For barn og unge Har du det vanskeleg heima, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det heima, kan du melda frå til barnevernet sjølv. Ring barnevernstenesta Ring alarmtelfonen 116 111 Send bekymringsmelding til barnevernet Privatpersonar Dersom du er bekymret for om eit barn får god nok omsorg, bør du melda frå til barnevernet. Du trenger ikkje vera sikker på at noko er gale. Når du har sagt frå, er det barnevernet sin jobb å vurdera korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella. Bekymringsmelding til barnevernet - privatperson Offentleg tilsette Offentlig tilsette og andre med meldeplikt etter barnevernloven § 6-4 Du har plikt til å melda frå til barnevernet, utan ugrunna opphald: når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for alvorlege manglar ved den daglige omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt når eit barn viser alvorlege atferdsvansker i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmidlar eller ei anna form for utprega normlau åtferd Bekymringsmelding til barnevernet - offentleg meldar Publisert 22.02.2019 18.21 Sist endra 28.10.2022 13.58