Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, kan ha rett til barnekoordinator. 

Barn på fjelltopp - Klikk for stort bilete Åsne Sleire Kjerland

Lovgrunnlag

Kommunen har plikt til å oppnemna barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a.   

Barnekoordinator skal syta for koordinering av det samla tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. 

Vurderingsmoment

For å ha rett på barnekoordinator må barnet har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, av somatisk, psykisk, fysisk, sosial, kognitiv eller sensorisk art. Det er ikkje eit vilkår at barnet har fått ein diagnose.
Barnekoordinator er ei utvida koordinatorordning når ho vert innvilga, fordi familien er rettigheitssubjektet, ikkje berre barnet.

Retten til barnekoordinator kan inntreffa allereie under svangerskapet eller når foreldre vert tildelt eit adoptivbarn. Barnet eller ungdomen må vera under 18 år for at familien skal ha rett til barnekoordinator.  Sjølv om retten opphøyrer ved fylte 18 år, kan kommunen vurdera det formålsnyttig at barnekoordinator følgjer ungdommen til fylte 25 år, for å sikra gode overgangar til vaksenlivet.    

Me skal ta høgde for

  • Om tilstanden til barnet eller ungdomen er alvorleg, samansett og der fleire helse- og velferdstenester er/blir involvert
  • Omfanget av sjukdommen, skaden eller den nedsette funksjonsevna har for barnet eller ungdommen sin helsetilstand og hjelpebehov
  • Me skal ta omsyn til familien som heilheit
  • Vidare må det vurderast kva tilstanden kan føra til av nedsett funksjons- og meistringsevne, invaliditet, sjukdomsutvikling, smerte eller nedsett livskvalitet for barnet og familien

Barnekoordinatoren vil bidra til

  • Gje informasjon og rettleiing om familien sine rettar og om kommunen sitt tenestetilbod
  • Formidla kontakt til aktuelle organisasjonar, for eksempel pasientorganisasjonar
  • Syta for framdrift av individuell plan
  • Syta for at det er samarbeid mellom dei ulike tenestene, for eksempel barnehage, skule, helsetenester, BUP
  • Koordinera offentlege tenester (kommune, fylkeskommune og stat) og private som yter tenester for det offentlege

Når kommunen har kjennskap til behov som kan gje rett til barnekoordinator, skal kommunen på eige initiativ rettleia familien om rettar, og ta initiativ til ei vurdering der familien ynskjer dette.

Klage

Dersom får avslag og framleis meinar du har rett til barnekoordinator, kan du klaga til Statsforvaltaren.

Kommunen tek ikkje betalt for denne tenesta.

Kontakt

Åsne Kjerland
50 % Flyktningkoordinator, 50 % Barnekoordinator
E-post
Mobil 91 99 58 58

Åsne har kontor i 3 etg på kommunehuset,
inngang ved Nav, så inn i gangen til høgre