Søknadsskjema kommunalt utdanningsstipend
Grunnlag
I samband med årsbudsjett og økonomiplan fremjar Eidfjord formannskap kvart år framlegg til totalbeløp som skal stimulera elevar frå Eidfjord til utdanning ut over grunnskulen sitt nivå for heimebuande.
Omfang
Midlane skal mellom anna nyttast til å tildela kommunalt utdanningsstipend for elevar på vidaregåande skule sitt nivå i inntil 4 år. Det er berre heimebuande som kan søkja. Stipendet skal tilpassast lengda på skuleåret og omfanget av studiane.
Vilkår
Søkjaren må vera busett i kommunen den tida stipendet gjeld for. Dette skal kontrollerast mot folkeregisteret. Søkjaren kan ikkje motta andre offentlege utdanningsstønader, med unnatak av Statens Lånekasse. Dette skal kontrollerast mot andre offentlege instansar. Søkjaren må fullføra den perioden stipendet er tildelt for. Dersom søkjaren ikkje fullfører den perioden stipendet er tildelt for, kan søkjaren få avkorta stipend neste år.
Krav til utdanninga
Utdanninga må skje ved ein godkjend institusjon og vera lagt opp som fulltidsutdanning eller deltidsutdanning.
Dette utdanningsstipendet omfattar ikkje lærlingar eller andre med løn i samband med utdanninga.
Tildeling
Rådmannen tildeler utdanninsstipend etter vedtak om delegeringsreglement for Eidfjord kommune frå 04.03.2022. Avgjerda kan klagast inn til Eidfjord formannskap.
Stipendet vert fordelt over heile skuleåret med utbetaling ein gong pr. månad. Søkjaren som tek halvårleg utdanning søkjer samtidig. Elevar i avgangsklasse m/føresette skal orienterast/tilskrivast om ordninga. I tillegg skal stipendordninga kunngjerast i lokalaviser, heimeside og kommunal app med søknadsfrist 1. september for årsstudie og 1. januar for halvårlege studie. Søknadsfristen kan fråvikast i spesielle høve.
Endring
Eidfjord kommunestyre kan endra desse reglane etter framlegg frå Eidfjord formannskap.