Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT)

PPT er ein stad der foreldre, skule- og barnehagepersonell, helsepersonell eller elevar kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for barn.

PPT Voss

Kven får tilbodet?

Målgruppa for PP-tenester er barn og unge 0-16 år, og vaksne som har særlege opplæringsbehov.

Om tenesta

  • Tenesta er kommunal, og er heimla i Opplæringslova
  • PPT skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det
  • Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

PPT Voss samarbeider med, og sel tenester til, kommunane Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.