Ta kontakt med rektor dersom barnet ditt ikkje er nøgd med skulemiljøet.
Dersom du er misnøgd med skulen si behandling av saka, kan du venda deg til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil kun behandla saka dersom de på førehand har teke opp saka med rektor, og det har gått minst ei veke frå saka vart teken opp med skulen.
Dersom Fylkesmannen kjem til at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan Fylkesmannen i eit enkeltvedtak avgjera kva skulen skal gjera for å syta for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.