Tilkopling vatn og avlaupOm du ynskjer å kopla deg til offentleg vatn- og avlaupsanlegg, må du senda inn søknad for sanitærabonnement. Ang. tilknyting i Sysendalen sjå herSøknadsskjema for sanitærabonnementVatn- og avlaupsanlegg i Eidfjord Om vatn- og avlaupsanlegget i Eidfjord Vatn 5 kommunale vassanlegg med varierande storleik 3 av anlegga er omfatta av årleg innrapportering til Folkehelsa. ein del av anlegga er utbygt med sentral driftskontroll (SD-anlegg). totalt 48 km leidningsnett 4 trykkaukestasjonar Det vert teke rutinemessige nettprøvar (kvar 4. veke) som vert analysert ved Hardanger Miljøsenter. Kvartalsvis tek me utvida prøvar og prøvar på råvatn. Avlaup 3 biologisk/kjemisk reinseanlegg, alle med elv/ferskvatn som resipient 1 mekanisk reinseanlegg med sjø som resipient totalt ca 40 km leidningsnett 21 pumpestasjonar. Det vert teke prøvar på biologisk/kjemiske anlegga kvar mnd, prøvar som vert analysert ved Hardanger Miljøsenter. Om tilknytingsplikta Reglane om tilknytningsplikt er gjeve for å sikra forsvarleg tilgang til trygt drikkevatn og hindra forureining. I tillegg skal dei vareta hensynet til at offentleg vassforsyning og avløpstransport vert bygd ut og drive teknisk forsvarleg og driftsøkonomisk. Dette gjeld Bygningar som ligg på ein eigendom der offentleg vass- og/eller avløpsledning går over eigendomen Bygningar som ligg på ein eigendom der offentleg vass- og/eller avløpsledning ligg i veg i tilknytning til eigendomen Bygningar som ligg i nærleiken av offentleg vass- og/eller avløpsledningar Desse skal, etter plan- og bygningsloven §§ 27-1 andre ledd og 27-2 andre ledd, knytast til offentlege ledningar. Unntak frå tilknytingsplikt Kommunen kan berre godkjenna privat ordning, dersom tilknytninga til offentleg nett vil medføra “uforholdsmessig stor kostnad, eller særlige hensyn tilsier det” (Lovdata). I denne vurderinga skal det ikkje leggjast vekt på din økonomi eller andre personlege forhold. Uforholdsmessig stor kostnad Det er eigar av eigedomen som må betala kostnadane for å knyta seg på kommunalt vass- og avløpsnett. Om kostnadane vert rekna som uforholdsmessige, er ein skjønnsmessig vurdering som må gjerast i kvart enkelt tilfelle. Dersom du meinar at tilknytninga inneber uforholdsmessig stor kostnad, må dette dokumenterast. Dette kan gjerast ved at du innhentar pristilbod frå ulike røyrleggarfirma og entreprenørar. Me anbefalar at det vert innhenta minst tre pristilbod, og at kopi av desse vert sendt til vatn og avløp. Tilknytningsavgift og gebyr for søknad til bygningsmyndigheitene skal ikkje takast med i vurderinga av om tilknytningskostnaden vert rekna som uforholdsmessig stor. Særlege hensyn Dersom det ligg føre andre hensyn som talar for at det ikkje er grunnlag for å kreva tilknytning til offentleg ledningsnett, må dette dokumenterast. Eksempel kan vera nyleg og betydeleg investering i privat vatn- og/eller avløpsanlegg. Arbeidet med å knyta til bustaden Det å etablera nytt VA-anlegg i samband med at du knyter bygningen til det kommunale vass- og avløpsledningane er søknadspliktig (Lovdata). Ofte kan røyrleggar utarbeida søknaden og utføre arbeidet. På kommunen si nettside finner du meir informasjon om søknadsplikta. Spørsmål vedrørande byggesøknad må rettast til byggesaksavdelinga. Før søknad om byggeløyve vert sendt inn, må prosjektering frå røyrleggar vera godkjent av eining for vatn og avløp. Dersom ledningsanlegget må leggjast på naboeigendomar, må løyve frå grunneigar(ane) dokumenterast. Det same gjeld dersom du skal knyta deg til andre sin private vatn- eller avløpsleding. Dokumentasjonen må leggjast ved byggesaka. Oppsummert - kva må du gjera? Kontakt røyrleggar og/eller entreprenør for å henta inn pristilbod for tekniske løysningar og utføring av arbeid. Me anbefalar at du hentar inn minst tre pristilbod, og at kopi av tilbod vert sendt til eining for vatn og avløp. Samarbeid med ein eller fleire naboar dersom dette er mogeleg Hent inn løyve til å etablera anlegg over annan manns eigedom og tinglys denne Hent inn løyve til å knyta deg til privat ledning. Røyrleggar må senda inn prosjekteringsgrunnlaget til eining for vatn og avløp for godkjenning Røyrleggar eller annan ansvarleg søkjar må søkja om byggeløyve Prosjektgrunnlaget skal vera godkjent av eining for vatn og avløp før byggesøknaden vert sendt inn Septiktank ved tilkobling til offentleg spillvatn Utgangspunktet er at eksisterande septiktank må saneres (koblast frå) når du koblar deg til offentleg ledningsnett som går til rensing. Det er imidlertid ikkje alle kommunale ledningar som går til renseanlegg. For dei tilfella der avløpet ikkje vert ført til rensing, kan ikkje septiktanken fjernast før det er etablertet kommunalt renseanlegg som er sett i drift. Du får beskjed frå vatn og avløp om septiktanken skal sanerast eller ikkje. For dei som ikkje skal sanera septiktanken, er det viktig å informera røyrleggaren om dette. Sanering av slamavskillar Når det er gjeve pålegg om å sanera slamavskillar eller du har fått løyve til sanering skal røyrleggar utføre følgjande Før utkobling Det må kontrollerast at dei private spillvassledningane er i forskriftsmessig stand. Ved tvil anbefalar me at det vert gjennomført kamerakøyring. Det må kontrollerast at den private ledningen er tilkobla offentleg avløpsledning Sanering av slamavskiller kan fritakast frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova, men dette må avklarast med byggesak før arbeidet kan starta. Ved gjennomføring Saneringa vert gjennomført i samsvar med Byggteknisk forskrift (TEK17), Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, teknisk og administrative bestemmelser og VA-miljøblad. Avløpet vert fråkobla slamavskillar og stakepunkt vert montert. Slamavskillar skal fjernast, fyllast med stein eller slåast hol i slik at den ikkje samlar vatn. Vass- og avløpsgebyr Når eigedomen vert knytta til kommunal vass- og avløpsledning må du betala eit tilknytningsgebyr, og deretter årlege vass- og avløpsgebyr. Storleiken på gebyra vert fastsett i kommunestyret kvart år, og har heimel i vass- og avløpsanleggslova, forurensingsforskrifta og kommunen si eiga lokale forskrift om vass- og avløpsgebyr. Tilskotsordningar Eidfjord kommune har ikkje tilskotsordningar for tilknyting til offentleg vatn og avløp. Publisert 07.03.2019 10.16