Plassering av Sysendalen reinseanlegg på Gommakvilet

I Eidfjord kommunestyre 05.02.2024 vart reguleringsplan for Sysendalen reinseanlegg vedteke. Nytt reinseanlegg skal etter vedtaket plasserast på Gommakvilet, etter Liseth krysset på strekka mot Garen.

Med grunnlag i veksten i tal fritidsbustader i Sysendalen er eksisterande reinseanlegg i Sysendalen underdimensjonerte, derav har det etter tilsyn kommet krav frå Statsforvaltar om etablering av nytt reinseanlegg for avlaupsområde Sysendalen. 

Eidfjord kommune har siden tilsyn i 2021 arbeida med å sjå moglege løysingar på utfordringa, samt vore innom fleire plasseringar. Eidfjord kommunestyre vedtok 30.05.2022 at nytt reinseanlegg for Sysendalen skulle ligga på Gommakvilet, mellom Lisethkrysset og Garen. 

Administrasjonen har arbeida fram ein reguleringsplan for området som vart vedteke i Eidfjord kommunestyre 05.02.2024. Planmateriellet i sin heilskap ligg tilgjengeleg via arealplaner.no.