Torg og sjøfront

Teikninga er landskapsplan for byggjetrinn 1, med nokon justeringar frå tidlegare landskapsplan.

Torg og sjøfront tar form

Arbeid med torg og sjøfront byggjetrinn 1 byrjar å ta form.  I lag med entreprenør GBS, har Eidfjord kommune jobba gjennom vinteren med prosjektet. 
Området vil opna opp for bruk så snart det let seg gjera og etterkvart som det vert klart, men heile området vil ikkje vera tilgjengeleg før rundt skuleferie start.

Gangveg langs RV7 ned mot sjøen kjem i ein periode til å verta stengt når deler av muren skal takast. Me ber om at alle nyttar fortau som er på andre sida av riksvegen i denne perioden. 

Det er kun sjølve kaifronten som er med i byggetrinn 1. Torgplass og infrastruktur rundt er ikkje med i fyrste byggetrinnet.

Sjøbua treng og noko bygningsmessig arbeid. Det viste seg desverre vanskeleg å få til utbetring av dette no i vinter. 

Me håpar på at området innfrir til forventningane og at det vert mykje brukt heile året.

 

07.04.2025 11.20

Pålerigg

I slutten av veke 6 kjem det pålerigg til Eidfjord sentrum i samband med prosjektet Eidfjord torg og sjøfront. Desse lagar ein del lyd når dei held på. Dei har arbeidstid frå 07.00 - 19.30.

31.01.2025 16.49

Oppstart byggetrinn 1

Prosjektet til Eidfjord kommune - Eidfjord torg og sjøfront - startar snart opp byggjearbeidet. Entreprenør er på plass for å rigga opp, rydda området og anna førebuing.

Me gler oss til å kome i gang. 

17.01.2025 08.43

Om prosjektet

Mål

Målet med prosjektet er å gjera sjøfronten meir attraktivt og tilgjengeleg. Løysinga vil binda Sjøbua og strendene betre saman med resten av sentrum enn løysinga i dag. Området kring Sjøbua vil få eit løft, med blant anna sitjetrinn ved strendene og gangveg kring heile bua. Dette vil framheva dette flotte kulturminnet me har i sentrum.

Byggjetrinn 1

Utviding av kai og promenade, med god tilkomst til torgplassen, vidare til sjøbua, strikketre og turløyper, gjev meir areal å bevega seg på langs sjøen.

Universell utforming har vore ein viktig del av løysinga, og det er lagt vekt på at det skal vera mogleg for alle å kunne gå rundt langs promenaden og ha god tilkomst til og frå torgplass, sjøbu og eksisterande gangveg langs riksvegen, utan å måtte gå store omvegar.  

Denne delen av prosjektet er del av byggjetrinn 1 og vert etablert no. 

Byggjetrinn 2

Det er behov for større samleplass i Eidfjord sentrum. Ein torgplass vil kunne tena fleire føremål.  Den kan nyttast til sal av mat og varer av ulike slag, samt ulike arrangement. Me vil òg kunne samle folk og aktivitet på ei side av hovudvegen. 

Torgplassen er del av byggjetrinn 2, og utforming av denne er ikkje bestemt. I skissa som ligg ved er ei av mange moglege utformingar illustrert for å skapa eit heilskapeleg bilete. 

Området

Byggjetrinn 1 er markert med raud linje, alt utanfor dette vil ikkje verta opparbeida i denne omgang. Innanfor blå linje vil området verta klargjort i form av utfylling og terrengtilpassing for å kunne laga den utvida promenaden, men vil ikkje verta opparbeida som torgplass før byggjetrinn 2.

Prinsipp for utforminga av området er arbeida fram av den tidlegare Sentrumskomiteen,  Smedsvig Landskapsarkitekter har ført det i pennen. Prinsipp for utforming av byggjetrinn 1 vart vedteken av Eidfjord kommunestyre, sak 23/085. 

Byggjestart

Planlagt byggjestart er oktober 2024. Vêret i vinter vil ha verknad på byggjetida og dato for ferdigstilling er vanskeleg å fastsetje no. Det vil koma meir informasjon når me er nærare byggjestart, samt praktisk informasjon undervegs i byggjetida.

10.01.2025 08.34