Tilgjengeerklæring for Eidfjord kommune
Denne tilgjengeerklæringa gjeld for nettsidene til Eidfjord kommune. Erklæringa gjeld ikkje andre subdomener under eidfjord.kommune.no.
Ansvarleg
IT-tjenesta og heimesideredaksjonen er ansvarlege for eidfjord.kommune.no. Dei ulike einingane i Eidfjord kommune er ansvarlege for sitt eige innhald på nettstaden.
Me jobbar kontinuerleg med å forbetra nettsidene, og følger standarden Retningslinjer for universell utforming av nettinnhold (WCAG) 2.1.
Dette jobbar me med
Me jobbar heile tida med å oppdatera eidfjord.kommune.no for å oppnå samsvar med krava i WCAG 2.1.
Me skal
- oppretthalda og videreutvikla ein universelt utforma nettstad
- læra opp tilsette til å leggja ut innhald som er universelt utforma
- skriva innhald i eit klart og tydeleg språk, i tråd med Eidfjord kommune sin språkprofil
- sjå til at nettstaden oppfyller dei lovpålagte krava i WCAG 2.0
- tilpassa innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- følgja likestillings- og diskrimineringsloven og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar
- sikra universell utforming ved val av tredjepartssystem og utvikling av eksisterende system
Status for samsvar med krav
Eidfjord.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vera delvis i samsvar, betyr at enkelte delar av innhaldet ikkje heilt samsvarar med krava.
Kjente feil
Sjølv om me gjer vårt beste for at alt innhald på eidfjord.kommune.no skal vera universelt utforma, veit me at det kan finnast manglar.
- PDF-dokument og andre delte og publiserte dokument kan ha manglar i formatering, struktur og bilete/illustrasjonar
- Kart på eidfjord.kommune.no er tredjepartsløysningar, og kan vera mangelfulle med hensyn til universell utforming
- Skjema i tredjepartsløysningar og nedlastbare dokument kan innehalda feil på universell utforming
Gje oss attendemelding
Er det noko som ikkje fungerar som det skal, eller går du glipp av innhald på grunn av at nettsidene ikkje er universelt utforma?
Send e-post til heimesida@eidfjord.kommune.no