Betalingssatsar for vigselKven kan verta vigd utan kostnad i Eidfjord kommune? Kommunen tilbyr vigsel utan kostnad for kommunen sine innbyggjarar og innbyggjarar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen. Det er dei vanlege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som regulerer kven som vert rekna for å vera busett i kommunen. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld og for utanlandske statsborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal heller ikkje betale for tilbodet. Kommunen tek betaling for naudsynte meirkostnader dersom brudeparet vert vigsla ut over fastsett tid (09-15) eller at bestilt seremoni er så omfattande at tidsbruken er lenger enn vanleg. Likeeins tek kommunen betalt dersom seremonien vert lagt ein annan stad enn kommunen sine seremonirom, dersom det medfører ekstra kostnader til transport, lokale, m.v. Dette vert brudefolket informert om i god tid før vigselen. Kostnaden vil verta vurdert i kvart einskild høve. Kven kan verta vigd mot dekking av kostnader? Alle som ynskjer og som oppfyller vilkåra for å kunne inngå ekteskap, kan vigslast i Eidfjord kommune. Alle som ikkje er omfatta i punkt 1 ovafor og som vil vigslast i Eidfjord må dekke alle kostnader ved dette sjølv. Kommunen tek likevel ikkje betalt for meir enn dekking av faktiske kostnader. Betalingssatsar Betalingssatsane vert regulert årleg pr 1.januar tilsvarande konsumprisindeks året før. Kommunal vigsel Sermoni Innbyggjar/busett i utlandet Andre Leiga av seremonirom Gratis 300 Normal seremoni (inntil 1 time) Gratis 1000 Normal seremoni utanom arbeidstid 800 1000 Seremoni ut over 1 time 400 pr halvtime 400 pr halvtime Seremoni i andre lokale Faktisk kostnad Faktisk kostnad Ev. transport til andre lokale Faktisk kostnad Faktisk kostnad Publisert 31.01.2019 11.31