Valdag

Valdag 8. september 2025

Vallokalet på kommunehuset i Eidfjord er denne dagen ope frå kl. 10.00 - 20.00

  • Valkrins: Eidfjord
  • Røystestad: kommunehuset - kommunestyresalen
  • Opningstid: kl. 10.00 - 20.00
  • Ta med legitimasjon
  • Hugs briller om du treng

På grunn av at me har mindre enn 30 manntalsførte til Sametingsvalet er det berre mogeleg å røysta til Stortingsvalet på valdagen i Eidfjord. 

Det er berre dei som er manntalsførte i Eidfjord som kan røysta til Stortingsvalet i Eidfjord på valdagen. Har du ikkje høve til å røysta på sjølve valdagen kan du røysta på førehand (sjå informasjon om førehandsrøysting).

Vel møtt, og godt val!