Eidfjord valstyre har 26.04.23 godkjent fylgjande fire lister til kommunevalet 2023:
- Det Norske Arbeidarparti
- Høgre
- Senterpartiet
- SV – Sosialistisk Venstreparti
Her røystar du på valdagen 11. september 2023
- Valkrins Eidfjord
- Røystestad kommunehuset
- Opningstid 10.00 - 20.00
Det er viktig å merka seg at vallokalet i Eidfjord stenger kl. 20.00 den 11. september.
Har du ikkje høve til å røysta på sjølve valdagen kan du røysta på førehand. (sjå avsnitt om førehandsrøysting)
Organisering valarbeid
Kommunestyret har vedteke å oppnemna formannskapet som valstyre. Anders Vatle er valt til leiar og Aslak Lægreid til nestleiar.
Vidare har valstyret oppnemnt desse valmedarbeidarane til å ta imot førehandsrøyster og elles gje meir informasjon:
Johanna Maria Hereid (valansvarleg), Linda Ågotnes Kaland (valansvarleg) Monica Hereid, Heidi Herstad Prestegård, Inge Kuijf, Reidar Meel, Åshild Djønne, Britt Karin Langøy, Marta Lirhus, Knut Ingar Myklatun, Bente Elin Hereid og Bergljot Maria Veivåg.
Manntal
Manntalet i Eidfjord kjem til å verta lagt ut til offentleg ettersyn første halvdel av juli. Det kjem til å liggja i resepsjonen på kommunehuset. Me kjem til å offentleggjera dette gjennom lokalpressa og på heimesida og appen til kommunen.
Det er viktig å sjekka at du står i manntalet då dette er eit krav for å få røysta til kommunevalet. Mogelege krav om retting av feil, krav om å førast inn i- eller strykast frå manntalet, må sendast skriftleg og skal stilast til: Valstyret i Eidfjord, Simadalsv. 1, 5783 Eidfjord, e-post: postmottak@eidfjord.kommune.no
Ta elles kontakt for spørsmål.
Førehandsrøysting og tider
Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen, kan du røysta på førehand. Veljarar som ynskjer å førehandsrøysta, kan gjera dette f.o.m. torsdag 10. august t.o.m. fredag 8. september.
Valstyret i Eidfjord har vedteke at veljarar kan førehandsrøysta på kommunehuset, i kommunestyresalen i Eidfjord slik:
Perioden 10. august t.o.m. 08. september:
- På kvardagar mellom kl. 09.00 – 15.00
- Laurdag 2. september: 10.00 – 14.00
- Torsdag 7. september: 09.00 – 18.00
Torsdag 7. september på Bygdaheimen med omsorgsbustadar: 10.00 – 14.00.
Legitimasjon
Dersom røystemottakar ikkje kjenner deg må du visa legitimasjon!
Me kjenner mange, men kanskje ikkje alle.
(Gyldig legitimasjon vil til dømes vera pass, sertifikat, bankkort og liknande.)
Ambulerande røysting/heimerøysting
Eldre og andre som av ulike årsaker ikkje klarar å koma seg til røystelokala, kan ta kontakt for ambulerande røystegjeving, dvs at me kjem heim til deg for å ta imot røyster.
Ta kontakt med postmottak@eidfjord.kommune.no eller valansvarleg, Johanna Maria Hereid tlf. 95974532/53673500 og avtal tid innan onsdag 6. september.
Tidlegrøysting
Tidlegrøysting kan føregå i tida 3. juli t.o.m. 9. august. Dette er ei ordning som er meint for dei som ikkje har høve til å førehandsrøyste innanfor ordinær periode eller på valdagen. Det er likevel ikkje krav om at veljaren må dokumentere at han eller ho ikkje har høve til å førehandsrøyste eller til å røyste på valdagen. Ta kontakt med kommunen og be om å få røyste. Veljarane har høve til å røyste i kva som helst kommune i landet. Det er ikkje krav om at det må skje i den kommunen veljaren er manntalsført.
Viktige datoar
- Juli -manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart det er klart i byrjinga av juli.
- 3. juli – opnar for tidlegrøysting etter avtale med tenestetorget
- 10. august – opnar for førehandsrøysting
- 2. september: laurdagsope 10.00 – 14.00
- 06. september – frist for å be om ambulerande heimerøysting
- 07. september – langope førehandsrøysting til kl. 18.00
- 07. september – førehandsrøysting bygdaheimen kl. 10-14
- 11. september – valdag - vallokalet i Eidfjord kommunestyresal er denne dagen ope kl. 10.00 - 20.00.
Viktig å hugsa på
Ved å røysta på eit parti, gjev du røysta di til dette partiet.
Me minner om at:
- Du kan gje ein eller fleire kandidatar ei personrøyst ved å setja eit merke (x) ved namnet *
- Du kan overføra inntil 5 kandidatar frå ei liste til ei anna.
- Du kan ikkje stryka kandidatar på ei liste.
*Dette aukar ein kandidat sin sjanse til å verta vald inn i kommunestyret. Ved å kryssa ved namnet til vedkomande, vil denne kandidaten få 1 personrøyst ekstra. Det er den kandidaten med det høgaste personlege røystetalet som vil verta vald inn som nr. 1, 2 og 3 osv. Partiet kan sjølv gje stemmetillegg til nokre av kandidatane sine, også omtalt som kommulerte kandidatar (max 4 i Eidfjord)
Er du spent på valresultatet?
Me tel opp røyster i fleire omgangar, og me tek kontrollteljingar jfr. vallova §10.4. Først tel me førehandsrøyster, så valtingsrøyster og til slutt seint innkomne røyster som er frist tysdag 12. september. Kandidatane som vert valt inn i kommunestyret vil difor kanskje ikkje vera heilt klart før onsdag 13. september, men ein vil likevel få ein god «peikepinn» allereie valkvelden.
Me vil fortløpande rapportere inn oppteljingar til valgresultat.no slik at det vil vera den beste plassen både for presse og andre å sjekke for eit tidleg resultat.
Me er også spente, og gleder oss til valarbeidet og vidare samarbeid med både «gamle» og «nye» politikarar.
Godt val !