Ljosvandring

I Eidfjord sentrum 12. november kl. 17:00

Dato
12. november 2024
Tid
17:00 - 18:30
Stad
Eidfjord

Me inviterer til ljosvandring i sentrum der du kan møta ulike frivillige lag og organisasjonar og verta betre kjend med arbeidet deira.  

Ljosvandringa startar utanfor kommunehuset på tusenårsstaden der ordførar Timo Knoch ynskjer velkomen og tenner vinterljosa rundt plassen.  Etter ljostenninga kan alle vandra mellom dei ulike postane i den rekkjefylgje de ynskjer og vitja ulike lag og organsiasjonar og få innblikk i kva dei driv på med. Løypa går rundt Ostangen langs kaien og opp til ungdomshuset og gamle posten. Kanskje finn du deg ein ny fritidsaktivitet? 

Eidfjord og omegn har eit flott lagsliv og det er utruleg mange flotte organisasjonar som gjer mykje godt arbeid. 
På ljosvandringa 2024 kan du møta desse: 

  • Toneskredo
  • Varden 4H
  • Eidfjord Turlag
  • Eidfjord Fjellstyre
  • Evjo Aktivitetsenter
  • Eidfjord Husflidslag
  • Hardanger Matkultur
  • Røde Kors Hjelpekorps
  • Røde Kors Omsorg
  • Hardanger Handbakklubb
  • Hardanger Spelemannslag

Kart over løypa og dei ulike postane 

 

Arrangør

Eidfjord kulturkontor

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso