Vandreteater i Øvre Eidfjord: Skogsprinsessa

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien. 

Billettar: TicketCo - Arrangementer Eventyr i Parken

Dato
18. august 2024
Tid
15:00 - 17:00
Stad
Norsk Natursenter

Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik går alt rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning, noko ho har øvd på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktar og vonde tankar spreiar seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men ser den treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Oppmøte: Ved Norsk Natursenter, Hardanger i Øvre Eidfjord. Vi vil bevege oss oppover og innover i landskapet og avsluttar oppe på Varbergshaugen. 

Varigheit: ca. 2 timar frå start til slutt

Framsyninga passar frå 3- 9 år

Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen

Regikonsulent: Jan Neal Holden

Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe

Kostymemaker: Julie Jensen

Skodespelarar: Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft & Amalie Jensen Tolo.

Spørsmål? Kontakt oss på 91582712.

Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart vi nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok vi Bergen Tetareforenings pris: "Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut, og inn i vår verd for å sjå verda ikring oss, på ein heilt ny måte.

Framsyninga er støtta av

EIDFJORD KOMMUNE

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL FRILUFTSAKTIVITET

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL KULTURARRANGEMENT

A/S BERGENS TEATER OG DET DRAMATISKE SELSKAB

SPAREBANKEN VEST

Trailer: Skogsprinsessa - utandørs vandreteater (youtube.com)

Arrangør

Eventyr i Parken

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 17.08.2024 12.00 - 17.08.2024 14.00
  2. Laurdag, 17.08.2024 15.00 - 17.08.2024 17.00
  3. Søndag, 18.08.2024 12.00 - 18.08.2024 14.00
  4. Søndag, 18.08.2024 15.00 - 18.08.2024 17.00