Pressemelding: Sysendalen skisenter

Eidfjord kommunestyret vedtok 10.2.2025, å avslutta forhandlingane om ein ny leigeavtale for Sysendalen skisenter. Bakgrunnen er for stor avstand i høve leigesum og forventningar til kommunen som investor i område.  Men kommunen er framleis svært positivt til eit skisenter i Sysendalen.

Vedtaket er ei oppfylging av eit tidlegare vedtak i sak 24/126 der kommunestyret ba om avklaring angåande kjøp eller leige av område innan januar 2025. Forhandlingane om ein ny leigeavtale har føregått sidan medio 2023 utan at partane kom til semje om leigesum eller vilkår.

Økonomisk handlingsrom

På lik linje med mange kommunar i Noreg er kommuneøkonomien òg i Eidfjord under press. I økonomiplanen legg rådmann opp til bruk av disposisjonsfond for å saldera budsjettet frå 2026. Kommunestyret har difor gjeve rådmann i oppdrag «å starta ein prosess der ein når 10 % netto driftsresultat innan 31.12.2026» (jmf. sak 24/148) for å sikra kommunen eit økonomisk handlingsrom framover.

Framtidig løysing ynskjeleg

I lys av denne situasjonen kan ikkje kommunen binda seg opp til betraktelege årlege driftsutgifter og investeringsprosjekt knytt til Sysendalen skisenter. Men kommunen har eit ynskje om å koma fram til ein framtidig eigarstruktur og driftsløysing saman med grunneigarar og næringsliv.

Kjøp av utstyr

Det er verdt å nemna at kommunestyret i same møtet, gjekk inn for å kjøpa snøproduksjonsutstyr frå dagens driftsselskap. Dette for å sikra ein viktig del av infrastrukturen for vidare drift av skisenteret (sak 25/007).

Prosessen vidare

Vedtaket om å avslutta forhandlingane om ein leigeavtale betyr altså på ingen måte ein nedlegging av Sysendalen skisenter. Den gjeldande avtalen legg opp til ein forpliktande prosess framover og me vonar at resultatet vert til det beste for heile Sysendalen!
 

Med venleg helsing
Timo Knoch
Ordførar