Treningsområde for fuglehund

 

Frå 2. september

Frå og med 2. september vert det seld treningskort avgrensa slik;  vassdraget i Lundhaukedalen i sør, grensa mot Nordre Bjoreidalen grunneigarlag i vest, Rv 7 i nord og Øvre Numedal statsallmenning i aust. Områdeavgrensing går fram av vedlagte kart. (PDF, 8 MB)  

Talet treningskort (ekvipasjar) på området er 3 til ein kvar tid. Ein ekvipasje er avgrensa til 1 førar med to hundar. 

Frå 25. september

Frå 25. september vert det seld treningskort fro statsallmenninga nord for Rv7.

Talet treningskort (ekvipasjar) på området er 10 til ein kvar tid.

Generelt

  • Alle hundar som skal sleppast skal ha bevis for å vera sauereine.  
  • Det kan berre sleppast ein hund om gangen.  
  • Rypekull som vert teke opp i trening skal ikkje takast opp gjenntekne gonger. Kull skal altså ikkje unødig uroast over tid då dette gjer rypa meir eksponert for rovvilt.

Kort

Områdeavgrensing frå 2. september (PDF, 8 MB)

Områdeavgrensing frå 25. september (PDF, 18 MB)