Småviltjakt

Det er gode moglegheiter for småviltjakt i Eidfjord statsallmenning. Fjellrype og lirype er det vanligaste viltet, men det vert òg felt hare, ender og raudrev.

Kven kan jakta?

Alle kan jakta på småvilt

Søknadsfrist

Det vert selt avgrensa tal jaktkort. Søknadsfristen for jaktkort i tida 15.9-30.9 er 1. april. Søkjarar etter denne fristen vert ikkje teke med i trekking av tilbod.

Jaktkort etter 1.10 vert seld etter prinsippet «fyrstemann til mølla».

Jaktkort - inatur.no

Når er det jakt?

  • Frå og med 15. september til og med 23. desember
  • I tida 15. september til 1. oktober vert det selt vekekort, i tida 1. oktober til 23.12 vert det selt døgnkort
  • Søknad om kort og sal av kort skjer på inatur.no
  • Kort for jakt på raudrev for tida 02.01 - 28.02 vert seld på inatur.no

Kva kan det jaktast på?

  • Hare
  • Raudrev
  • Mink
  • Lirype,
  • Fjellrype
  • Kråke
  • Ramn
  • Skjor
  • Stokkand
  • Krikkand

Områdeinndeling

Allmenningen er delt i 2 småviltjaktområde fram til 1. oktober. Områdeinndelinga gjeld ikkje for innanbygds jegerar.

Kart småviltjaktområde (PDF, 844 kB)

Rypetaksering

Det er lagt vekt på i forvaltninga at jakta skal vera berekraftig. Med det meiner fjellstyret at rypestamma det enkelte år skal tåle jaktpresset slik at det er nok stamfugl att til produksjon av eit haustingsverdig overskot neste år. Fjellstyret gjennomfører difor taksering i august som legg grunnlaget for om det vert opna for sal av jaktkort.

Rypetaksering tabell

Reglar

Generelle reglar for småviltjakt

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord