Jaktkort småviltjaktJaktkort for jakt innan Eidfjord statsallmenning kjøper du anten hjå Eidfjord fjellstyre, eller hjå inatur.no Opning for jakt Det vert opna for redusert jakt frå 15.09. Dersom taksering viser tettheit på 8 ryper per km², og ein produksjon på 3 kyllingar per høne eller meir vert det lagt ut meir kort for sal. Det vert selt vekekort fram til 01.10. Frå 01.10 vert det selt døgnkort. Innanbygds jegrar kan kjøpa sesongkort frå 15.09 Korttypar og maksimalt jegertal (Dersom det vert opna for jakt på rype) Korttypar og maksimalt jegertal Periode/ Område 1. periode 15.09-23.09 2. periode 23.09-30.09 3. periode 01.10-23.12 Område 1 6 jegerar u/hund 5 jegerar u/hund 3 jegerar m/hund Ingen område-avgrensing Område 2 15 jegerar u/hund 10 jegerar u/hund 7 jegerar m/hund Ingen område-avgrensing Korttypar Vekekort Vekekort 1 døgnkort inntil 25 om dagen Kortprisar og jaktkvote Døgnkort kr 250,- med rett til å fella inntil 2 ryper Vekekort kr 1000,- med rett til å fella inntil 2 ryper per dag, 7 ryper tilsaman Kvota for jakt på rype når taksering viser ein produksjon på minimum 3 kyllingar/høne og ein tettleik på minimum 8 rype/km². Dersom det er tildelt avgrensa kvote er dagskvota 1 rype og 4 ryper på vekekort. Harejakt med hund, frå 1. oktober og fram til 23.12. Prisen vert som i pkt om kortprisar. Jakt på raudrev, i tida 02.01-28.02. Kortprisen vert kr 300,- for innanbygds og kr 600,- for utanbygds jegerar. Kort vert selt via inatur.no Tildelingsrutinar for jaktkort Søknadsfrist 1.04. Søknad sendast inatur.no. Jakt på raudrev etter nyttår (02.1-28.02) er eit sjølvstendig tilbod uavhengig av om det generelt er opna for sal av kort for småviltjakt. Dagskort, sesongkort, kort for jakt på raudrev Rapport Jegerar som har levert inn komplett jaktstatistikk til rett tid, vert prioritert ved tildeling av jaktkort. Publisert 04.04.2019 10.39 Sist endra 22.01.2024 09.26