5 Saksførebuing for kommunestyret
Rådmannen har ansvar for at dei sakene som skal handsamast av kommunestyret er førebudde på forsvarleg vis i samsvar med lov, reglement eller anna bindande føresegn.
Formannskapet gjev tilråding til kommunestyret i saker som skal handsamast av kommunestyret, og som høyrer til formannskapet sitt arbeids- og ansvarsområde.
Kommunestyret kan opprette sakskomitear for særskilde saker som innafor fastsett mandat gjev tilråding direkte til kommunestyret. Ved tvil avgjer ordføraren kva utval som skal gje tilråding til kommunestyret.
Kommunestyret kan som ledd i sitt arbeid halde temamøte og opne høyringar. Det same kan sakskomiteane gjere om dei finn det føremålstenleg.
Ordføraren har ansvar for at saksdokument vert sendt medlemmer og varamedlemmer i kommunestyret og elles dei som i kraft av stilling eller funksjon skal ha desse dokumenta.