20 Røystemåten
Røysting vert gjennomført på ein av desse måtane:
- Ved stillteiande godkjenning, når ingen gjev uttrykk for usemje med ein slik røystemåte når møteleiaren ber dei som er usamde gje uttrykk for det.
- Ved at møteleiaren ber dei som er mot eit framlegg vise det med røysteteikn, anten ved å reise seg eller rekkje opp ei hand. Når møteleiaren avgjer det, eller nokon i forsamlinga krev det, skal det haldast kontrarøysting ved at dei som er for framlegget viser røysteteikn på same måten.
- Ved namneopprop med ja eller nei som svar når møteleiaren roper opp namna på dei som møter. Det vert avgjort ved loddtrekning kva namn som skal ropast opp først. Deretter held ein fram i alfabetisk orden. Eit medlem utpeika av møteleiaren skal kontrollere røystegjevinga ved å merke av på medlemsoversynet etter kvart som kvar enkelt røyster.
- Namneopprop skal nyttast når møteleiaren avgjer det, eller når eit medlem krev det og får tilslutning frå minst 1/4 av kommunestyret sine medlemmer. Likeeins skal det røystast med namneopprop når møteleiaren eller 1/4 av medlemmene i kommunestyret meiner at utfallet av ei røysting etter reglane i denne paragrafen sitt punkt b (med motrøyste) ikkje kan finnast ut med full visse. Røysting over spørsmålet om namneopprop skal nyttast vert halde utan ordskifte først, og elles i samsvar med reglane i denne paragrafen sitt punkt b.
- Ved røystesetlar utan underskrift. To medlemmer som møteleiaren peiker ut, fungerer som teljekorps. Røystesetlar kan berre nyttast ved val og tilsetjing og skal nyttast når nokon medlem krev det.
Møteleiaren si røystegjeving er avgjerande ved likt røystetal, unnateke ved val der loddtrekning avgjer utfallet.