23 Protokollføring
Det skal førast protokoll og møtebok frå møta. Møteleiaren ser til at dette vert gjort. I protokoll og møtebok skal førast inn:
- møtetid og -stad
- møtande medlemmer og varamedlemmer
- om medlemmer og varamedlemmer evt. kjem eller går under møtet
- oversyn over kven som møter frå administrasjonen
- eventuelle protestar mot innkalling og sakliste
- saker nummererte i rekkjefølgje for året
- for kvar sak dei framlegg som vert reiste og kven dei er fremja av
- det som trengst for å vise gangen i handsaminga
- kva røystingar som er haldne og kva vedtak som er gjorde
- det som trengst for å vise at vedtak vert gjort etter rett framgangsmåte
Møteleiaren, eller eventuelt kommunestyret ved protest mot møteleiaren si avgjerd, tek stode til om protokolltilførsel skal tillatast. Protokolltilførsel som gjeld påståtte formelle feil skal normalt godtakast.
Møteboka skal underskrivast av møteleiaren og to andre medlemmer som vert valde i møtet. Møteprotokoll vert publisert etter at møtebok er underskriven. Protokollen vert formelt godkjent av kommunestyre i neste møte.