4 Opplæring
Kommunen har ansvar for at dei folkevalde får opplæring. "Opplæring folkevalde" skal vera ein fast post i årsbudsjett.
Ordføraren skal ha det overordna ansvaret for planlegging og iverksetjing av opplæringstiltak for dei folkevalde.
Etter nytt kommuneval skal det før årsskiftet haldast opplæringskurs for det nye kommunestyre. For dei nyvalde medlemmene i utvala skal det vera opplæringskurs før 1. april det fyrste året i valbolken. Kursa kan byggja på KS sitt kurs- og informasjonsmateriell.
Trong for opplæring skal elles vurderast etter kvart i løpet av valperioden. Folkevalde skal få tilbod om å delta på opplæringskurs for tilsette når dei er relevante.
Kommunen skal abonnera på eit digitalt abonnement på "Kommunal rapport" til alle faste kommunestyremedlemar, dei 2 fyrste varamedlemmane på kvar valliste og kontrollutvalet.
Ekskursjonar/synfaringar skal arrangerast når det er trong for det.