10 Opne eller lukka dører
Møtet vert halde for opne dørar og vert sendt på kommune-tv, der det er mogeleg. Møte vert lukka som følgjer av lovbestemt teieplikt, eller dersom kommunestyret med heimel i lov eller føresegn gjer vedtak om det. Drøftingar om dette vert halde for stengde dørar om møteleiaren krev det, eller kommunestyret gjer vedtak om det.
Tilhøyrarar, representantar frå media og andre som ikkje skal ta del i drøftingane, må forlate møtesalen straks møtet vert lukka.