15 Møteleiaren si orientering om sak til handsaming
Møteleiaren les det namnet saka har fått i innkallinga. Deretter refererer hen det framlegget til vedtak som ligg føre frå innstillande utval, og seier frå om dei dokument som har kome inn etter tilrådinga vart gjeve. Møteleiaren orienterer elles om innhaldet i saka så langt vedkomande sjølv eller medlemmene i kommunestyret finn det turvande.