9 Møteleiar
Ordføraren leiar møta. Har hen forfall, leiar varaordføraren møta. Har båe forfall, vert møteleiar vald ved fleirtalsval.
Om ordføraren eller annan møteleiar ønskjer å ta del i ordskiftet, skal hen gje frå seg møteleiinga til varaordføraren eller annan møteleiar vald av kommunestyret.
Ordføraren eller fungerande møteleiar skal sjå til at det er god orden i møtesalen og i naturleg nærleik elles. Vedkomande skal sjå til at talarane ikkje vert avbrotne eller uroa frå nokon kant.
Om tilhøyrarar ved meiningsytringar eller på annan måte uroar drøftingane eller på anna vis gjer noko som strir mot god orden, kan møteleiaren vise desse ut. Teikningar, tabellar eller liknande kan berre nyttast under møta dersom møteleiaren eller kommunestyret samtykkjer.