6 Innkalling til møte og utlegging av saksdokument
Ordføraren kaller inn til møte i kommunestyret ved utsendt innkalling og offentleg kunngjering. Innkallinga skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, liste over dei sakene som skal handsamast og naudsynte saksdokument. Rådmann eller leiar kan avgjere at dokument som kan unnatakast frå offentleggjering, ikkje skal publisertast i møteportalen eller leggjast ut til ettersyn. Slike dokument skal medlemmene kunne gjere seg kjende med i administrasjonen.
Innkalling med saklista til møte verdt sendt ut elektronisk, og skal som regel skje med ein frist på 7 verkedagar. Innkalinga skal kunngjerast på heimesida, app og i lokalavisa. Andre fristar i lov eller bindande føresegn går framom.
Møte i kommunestyret kan haldast som fjernmøte jf. kommunelova § 11-7.