7 Forfall og innkalling av varameldemmer
Medlem eller varamedlem som grunna lovleg forfall jf. kommunelova § 8-1 ikkje kan ta del i møtet, skal utan opphald melde frå i møteportalen, på tlf eller e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no. Politisk sekretær kallar inn varamedlem på ordføraren sine vegne. Varamedlem skal og kallast inn når ordføraren er kjend med at nokon må forlate møtet som ugild i sak som skal handsamast.
Må nokon grunna lovleg forfall forlate møtet, skal varamedlem om mogeleg kallast inn og overta plassen. Om medlem eller høgare nummerert varamedlem kjem til møtet etter at det har byrja, skal vedkomande ikkje tiltre før sak som er teke opp til handsaming er sluttført. Ingen kan gå frå møtet før sak som er teke opp til handsaming, er sluttført.
Kva som er lovleg forfall etter denne paragrafen vert avgjort av forsamlinga sjølv. Omstende som sjukdom, viktige forretningar, pliktar i arbeidet eller andre pliktar er gyldig forfallsgrunn.