21 Førespurnader (interpellasjonar)
Utanom dei sakene som står i innkallinga til møtet, kan kvar av dei som er kalla inn til møtet kome med førespurnader til møteleiaren. Desse bør vere leverte inn skriftleg seinast 4 dagar før møtet. For kvar førespurnad kan det haldast ordskifte i inntil 30 minutt. Innlegg vert avgrensa til eitt for kvar talar og til 5 minutt med unnatak for spørjaren og svararen.
Realitetsframlegg som vert sette fram i ordskiftet, skal handsamast etter dette reglementet på same viset som saker som ikkje er nemnd i innkallinga.