Reglement for Eidfjord kommunestyre

1 Føremål og verkeområde

Reglementet har som føremål å sikra god organisering og gjennomføring av den politiske møteverksemda i Eidfjord kommune.

Reglementet gjeld for Eidfjord kommunestyre og andre folkevalde organ oppretta med heimel i kommunelova § 5-1 så langt det høver.