8 Deltaking i møte for andre enn valde medlemmer
Rådmannen, eller representant for rådmannen har jf. kommunelova § 13-1, 5 ledd møte- og talerett i alle kommunale folkevalde organ med unnatak av kontrollutvalet.
Rådmannen kan kalle inn andre tilsette til møta når hen finn det føremålstenleg for sakshandsaminga. Desse kan gje opplysningar og utgreiingar, men har elles ikkje høve til å ta del i drøftingane.
Politisk sekretær tek del i møta med talerett for det som gjeld protokolleringa.
Revisor tek del i møta med talerett i saker som kjem frå kontrollutvalet.
Andre tek del i møta når særskild lovregel gjev dei rett til det, og då med dei rettar og pliktar lova fastset.
Ordføraren eller kommunestyret kan kalle særlege sakkunnige, eller i samråd med rådmannen andre kommunalt tilsette, inn til møta. Desse kan gje opplysningar og utgreiingar, men har elles ikkje høve til å ta del i drøftingane.
Leiar i ungdomsrådet og leiar i fellesrådet har møte og talerett i kommunestyret.