Reglement for Eidfjord kommunestyre

17 Avgrensing og avslutning av ordskiftet

Før ordskiftet i ei sak er teke til og under ordskiftet, kan kommunestyret vedta at taletida skal avgrensast til eit bestemt tal minutt for kvart innlegg. Unnatak kan gjerast for rådmannen, for kvar gruppeleiar eller for den som er vald til leiar for anna gruppering som vert skipa i særskild sak når møteleiaren har fått melding om at vedkomande er vald på førehand.

Møteleiaren avsluttar ordskiftet i ei sak når vedkomande meiner ho er drøfta nok. Kommunestyret kan elles sjølv vedta å avslutte ordskiftet eller forlengje det etter at møteleiaren har teke til orde for å avslutte det.

Ved ordskifte om avkorting av taletida eller om å avslutte realitetsordskiftet kan kvar talar berre få ordet ein gong og med høgst 2 minutt taletid.