Reglement for Eidfjord formannskap

1 Val og samansetjing

Formannskapet skal ha 5 medlemmer inklusiv ordførar og varaordførar.
Formannskapet vert vald av kommunestyret etter reglane i kommunelova.

Kommunestyret kan setje ned eigne komitear til å gjere plan- og utgreiingsarbeid på
saksområde som høyrer under formannskapet sitt arbeids- og ansvarsområde.