Reglement for Eidfjord formannskap

13 Ugildskap

Forvaltningslova og kommunelova sine særreglar om ugildskap gjeld for møta i formannskapet. Er nokon ugild etter desse reglane, skal dei sjølv melda frå om det, om mogeleg i så god tid at varamedlem kan kallast inn. Den som er ugild, ber om ordet når saka tek til (etter ordførar har lest framlegg til vedtak), og stiller spørsmål om sin gildskap. Dersom hen vert røysta ugild tek hen ikkje del i møtet under handsaminga av den aktuelle saka.

Formannskapet kan frita eit medlem frå å ta del i handsaminga av ei sak når vedkomande ber om det og vektige personlege grunnar talar for det.