12 Sakshandsaminga
Vert det under oppropet eller starten av møtet reist innvendingar i samband med forfall eller frammøte av varamedlemmer eller om møtet elles er lovleg innkalla, skal dette handsamast først i møtet. Deretter vert dei sakene som er nemnde i inkallinga teke opp, og i den rekkjefølgja som der går fram. Eventuelle førespurnader vert teke opp til slutt i møtet. Formannskapet kan vedta ei anna rekkjefølgje.
Er handsaminga av ei sak teke til, kan møtet ikkje avsluttast før saka er avgjort med røysting eller det vert vedteke å utsetje ho.
Sak som ikkje er nemnd i innkallinga, kan handsamast dersom ikkje møteleiaren eller minst 2 av dei frammøtte representantane er mot dette. Om handsaming av sak på dette viset vert avvist, skal ho takast med på sakslista til neste ordinære møte om ikkje formannskapet vedtek noko anna.