Reglement for Eidfjord formannskap

18 Røysting

Når ordskiftet er slutt, seier møteleiaren frå om at saka er teke opp til røysting. Om det er uklårt kva framlegg som er komne inn, skal dei alle refererast før røystinga tek til. Frå dette tidspunktet og til røystinga er ferdig skal det ikkje vere meir realitetsordskifte om saka eller gjerast nye framlegg. Heller ikkje er det i tidsrommet for røystinga høve til å ta opp noko anna sak til handsaming.
Vert det reist utsetjingsframlegg skal realitetsordskiftet straks avsluttast og framlegget røystast over, om forsamlinga ikkje vedtek noko anna.

Rett til å røyste har berre dei som er kalla inn til møtet som medlem eller varamedlem og som er til stades når saka vert teke opp til røysting. Ingen kan gå frå møtet før røystinga er slutt. Alle har røysteplikt. Blank røyst kan gjevast ved val og tilsetjing.

Er saka oppdelt, eller skal det røystast over fleire framlegg, avgjer møteleiaren rekkjefølgja i røystingane om ikkje utvalet vedtek ei anna rekkjefølgje. Ved ordskifte om dette, skal møteleiaren sjå til at talarane heldt seg strengt til røystingsspørsmålet.

Røystinga skal elles som hovudregel leggjast opp slik at kvar representant får vist sitt prinsipale syn i røystinga.