15 Ordskifte og rekkjefølgja mellom talarane
Møtestyraren spør så om nokon vil ha ordet i saka. Talarane får ordet i den rekkjefølgje dei ber om det. Ber fleire om ordet samstundes, avgjer møteleiaren rekkjefølgja mellom dei. Ved replikkordskifte får den som ber om replikk ordet før møteleiaren held fram på den ordinære talarlista.
Talarar retter orda sine til møteleiaren, ikkje til forsamlinga. Møteleiaren skal sjå til at vedkomande held seg nøye til den saka ordskiftet gjeld.
Det må ikkje seiast noko som kan krenke andre. Det er heller ikkje lov å laga uro eller anna ståk som uttrykk for misnøye, semje eller usemje med noko som vert sagt eller som skjer under møtet. Brot på ordensreglane skal møteleiaren påtale, om turvande to gonger. Om det ikkje hjelper, kan møteleiaren avbryte vedkomande sitt innlegg eller ved røysting la formannskapet avgjere om vedkomande skal stengast ute frå del eller resten av møtet.
Møteleiaren må ikkje avbryte nokon som har ordet, om det ikkje skjer for å gjennomføre det som går fram i reglementet eller for å klargjere mistydingar i det som vert sagt av talaren.