Reglement for Eidfjord formannskap

11 Opning av møtet

Til den tid som er fastsett vert det halde opprop over dei medlemmer og varamedlemmer som skal vere til stades i møtet. Møteleiaren erklærer møtet for lovleg sett dersom nok representantar etter lova er møtt fram, og det elles ikkje vert reist avgjerande innvendingar mot at det vert gjort.

Når møtet er lovleg sett kan ingen medlem eller møtande varamedlem forlate møtet for kortare eller lengre tid utan på førehand å ha fått godkjend permisjon frå ordføraren.

Kjem nokon av dei innkalla medlemmene eller varamedlemmene etter at møtet er sett, skal dei melde seg for møteleiaren før dei tek sete.