Reglement for Eidfjord formannskap

5 Innkalling til møte og utlegging av saksdokument

Formannskapet held møte etter eiga eller ordføraren si avgjerd eller når andre med heimel i lov eller bindande føresegn krev det. Møteplan for formannskapet skal så langt det er råd samordnast med møteplanen for kommunestyret med omsyn på flyt i saksgang og avgjerdsprosess.

Ordføraren kaller inn til møte i formannskapet ved utsendt innkalling og offentleg kunngjering. Innkallinga skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, liste over dei sakene som skal handsamast og naudsynte saksdokument. Rådmann eller leiar kan avgjere at dokument som kan unnatakast frå offentleggjering, ikkje skal publiserast i møteportalen eller leggjast ut til ettersyn. Slike dokument skal medlemmene kunne gjere seg kjende med i administrasjonen.

Innkalling med saklista til møte vert sendt ut elektronisk og skal som regel skje med ein frist på 7 verke dagar. Innkallinga skal kunngjerast på heimesida, app og i lokalavisa. Andre fristar i lov eller bindande føresegn går framom.

Møte i formannskapet kan haldast som fjernmøte jf. kommunelova § 11-7.