Reglement for Eidfjord formannskap

17 Framlegg

Framlegg kan berre reisast av dei som er med i møtet som valde medlemmer eller innkalla varamedlemmer og av rådmannen eller denne sin representant, om ikkje regel i lov seier noko anna.

Framlegg skal, etter at det er reist, leverast skriftleg i møteportalen. Framlegg kan likevel setjast fram munnleg dersom det gjeld namn i val- eller tilsetjingssak, utsetjing av sak som er oppe til handsaming, oversending av sak til anna kommunalt organ eller det går ut på at framlegg skal vrakast.