7 Deltaking i møte for andre enn valde medlemmer
Rådmannen, eller representant for rådmannen, tek del i møta med tale- og framleggsrett.
Rådmannen kan kalle inn andre tilsette til møta når hen finn det føremålstenleg for sakshandsaminga. Desse kan gje opplysningar og utgreiingar, men har elles ikkje høve til å ta del i drøftingane.
Politisk sekretær tek del i møta med talerett for det som gjeld protokolleringa.
Revisor tek del i møta med talerett i saker som kjem frå kontrollutvalet.
Andre tek del i møta når særskild lovregel gjev dei rett til det, og då med dei rettar og pliktar lova fastset.
Ordføraren eller formannskapet sjølv kan kalle særlege sakkunninge, eller i samråd med rådmannen andre kommunalt tilsette, inn til møta. Desse kan gje opplysningar og utgreiingar, men har elles ikkje høve til å ta del i drøftingane.