Kommuneplan samfunnsdel

4 Eidfjord i verda

Eidfjord er ein del av ein regional, nasjonal og global samanheng. Det globale biletet er prega av konflikt, naturkatastrofar, folkevekst, forureining og ikkje minst den fattige delen av verda, der det å handtera sjukdom, nok reint drikkevatn og mat er globale utfordringar.

Nasjonalt lever Noreg i ei velstandsboble som aldri før i historia. Dette er kanskje fordi me har store naturressursar som olje og gass, vatn og fiske som gjer oss rike.

Inst i ein fjord på Vestlandet ligg Eidfjord, med kort veg til både aust og vest.  Det er Eidfjord og vår framtid som skal fram i ljoset i denne planen i det regionale, nasjonale og globale biletet.

Vår regionale rolle som ein liten kommune bør vera prega av samarbeid med andre kommunar og fylke.  

Tida er komen for å vera medviten om kven me er, kva som er viktig for oss og kvar me skal gå. Det er viktig å vita kva me vil  ha fokus på, slik at verdiane er godt forankra  hjå oss sjølve når me møter regionale, nasjonale og globale utfordringar.