Endring i merking av luftfartshinder

Informasjon om endring i forskrift om rapportering, registrering og merking av luftfarshinder

Eidfjord kommune informerer på vegner av Luftfartstilsynet og Statens kartverk om at det er kome nye krav til rapportering, registrering og merking av luftfartshinder.

Eig du eit luftfartshinder, som kjem inn under reglane i forskrifta, er du pliktig til å registrera dette.  Typisk registrereingspliktige objekt er alle; skitrekk,  zipliner, taubanar/løypestrengar, straum-eller signalførande leidningar over bakken, eller andre objekter over 15 meter i høgde, sjå forskrifta §2 for fullstendig liste.  

Korleis du skal registrera inn i registerert, og kva som er fristane for registrering, les du meir om på kartverket sine sider. 

Linkar