Eigenberedskap - nye tilrådingar

29.mai 2024 lanserte Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) nye råd til befolkninga om eigenberedskap. 

Det å klare å ivareta sine mest grunnleggande behov i ein krisesituasjon er den største endringa i råda som no er lansert.  Anbefaling er at tidsperspektivet du bør klare deg sjølv, går frå minst tre dagar til ei veka. 

Nye råd

Bakgrunnen for nye råd er å styrke beredskapen på alle nivå – også hjå befolkninga. Ein motstandsdyktig befolkning er grunnleggande for eit godt totalforsvar i Norge. Kommunar, nødetatar og frivillige organisasjonar må prioritera dei som ikkje klare seg sjølv utan hjelp under  kriser.

Konsekvensar

Me leve i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss.
Me kan lære oss å reduser og handtere konsekvensar av ei krise. Være forberedt på straumbrot, ikkje ha reint vatn i springen, ikkje ha tilgang til å handle i butikk og  ikkje ha tilgang til internett og å kunne bruke mobilen. Det er dette DSB no gir oss i befolkninga konkrete tips og  råd om korleis me kan forholde oss til dette.

Sikker kvardag

DSB har ei informativ nettside som kan nyttast som ein god rettleiar; www.sikkerhverdag.no/nn 
Her kan du finne for eksempel sjekkliste for eigenberedskap, korleis du lagrar drikkevatn og tips ved straumbrot. 


 

Kontakt

Åshild Djønne Eriksen
Konsulent Drift & Forvaltning/Beredskapskoordinator
E-post
Mobil 97 76 71 80