I tråd med vedtak 25/021 i Eidfjord formannskap vert forslag til kommuneplanen sin arealdel for Eidfjord kommune 2025-2035 lagt på høyring og til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova §11-14. I samband med høyring til kommuneplanen sin arealdel vert det arrangert høyringsmøter for å orientera om planen.
Målsetnaden med høyringsmøtene er å orientera om verknaden av kommuneplanen og kva endringer som er førespegla. Innhaldet i møtene vil verta det sama på alle stadene, dog med eit naturleg fokus på grenda. Det vil vera høve til å stilla spørsmål til arbeidet og drøfta tematikk.
Agenda:
- Kva er ein kommuneplan, og korleis er den bygd opp?
- Forslag til arealbruk i kommunen, gjennomgang av plankart
- Spørsmål til planen
- Gi merknad/innspel